Digital TV

For the Norwegian market Paneda operates its own digital TV network complete with over 50 transmitters.

This page is only in Norwegian

Paneda sin teknologi er den mest kostnadseffektive som er kjend til no. Den gjer at du kan motta digital-tv med ei vanleg UHF-antenne og ein dekodar. Systemet er så enkelt at dei aller fleste klarer å montere det sjølve. Sendarane våre er små og kompakte og ruvar lite i landskapet. For å motta signala må du ha fri sikt til sendaren. Om der er litt vegetasjon mellom deg og sendaren skal det ikkje by på problem. Uansett er resultatet at du får inn digital-tv og radio med krystallklare bilete og lyd.

Snow-covered mountain summit with multiple communications towers under a cloudy sky

transmitters

50+

Skuggenett

Ein husstand er i satellittskuggen når den ikkje har dekning frå det digitale bakkenettet, ikkje kan ta inn satellittsignal ved hjelp av parabol etter næmare kriteria, og heller ikkje har tilgang til kabel- eller breibands-TV.

Vi har i samarbeid med Norkring (Telenor) sørgja for at dei ca. 6000 husstandane i Norge som ligg i satellittskuggen har fått digital-TV. Dette har vi vert med på sidan hausten 2007. Det var det året då utbygginga av det digitale bakkenettet starta på oppdrag frå Norges Televisjon.

Sjølv om bygda di ligg i skugge for satellitt, er der alltid eit høgdedrag i området der vi finn dekning. Der tek vi imot signal frå satellitt og vidaresendar det til dekodaren din. Signala vi sender hentar du ned med ei vanleg UHF-antenne, slik at du slepp å uroe deg for at biletkvaliteten vert påverka av vær og vind. Ta ein titt på dekningskartet og sjå om vi dekkar di bygd.

Green coastal village and farmland beside a turquoise beach and steep mountain cliffs

SMATV

Kort til kabel-TV sentralar

Paneda har inngått avtalar med mange programleverandørar for levering av kort til kabel-tv sentralar i borettslag, hyttegrender, campingplassar, institusjonar også vidare.

Ta kontakt på 992 06 741 eller post@paneda.no for avtale, prisar og bestillingsskjema.

Hand holding a streaming TV remote in front of a blurred television screen

Bruksrettleiingar og installasjon

Her finn du bruksrettleiingar for dei ulike dekodarane våre:

Support

Ring oss gjerne og rapporter om noko ikkje fungerer som det skal. Kontakt support@paneda.no eller (+47) 992 06 741.