logo
Paneda   |   Nyhende   |   Digital-TV   |   Dekningsområder   |   Utstyr   |   Om oss   |   Kontakt
for private for bedrifter
Om ossTilsette
 

Tilsette

 

 

Oddvar Flølo

 

Oddvar stifta Lokal Digital AS i 2001, som i 2005 skifta namn til Paneda. Han er teknisk sjef og hovudaksjonær i verksemda. På kontoret hans blir stadig nye løysingar klekt ut, noko oppfinnarrommet også ber preg av. Kablar, sikringar og komponentar er i fri flyt. Oddvar har jobba i radio- og TV-bransjen i over 25 år.

 

 

Geir Gjørsvik

 

Geir er dagleg leiar og er ein av tre eigarar av bedrifta. Han held orden på organisasjonen og passer på at selskapet tenar pengar. Det er mykje å holde orden på når eit hundretals tv-sendarar skal være i drift til ei kvar tid. Geir har over 25 års erfaring frå leiande stillingar innan leiing og økonomi.

 

 

Thomas Flølo

 

Thomas står bak utviklinga av forretningssystemet som er i bruk dagleg i bedrifta, og overvakningssystemet som sikrar oss full oversikt over stoda på dei over hundre sendarane til Paneda rundt om i landet.

 

 

 

Anette Sjåstad

 

Frode Rutledal

 

Rekneskapsmedarbeidar Anette er den som passar på at kundane betalar for tenestene våre, og at tala i bøkene stemmer overeins.

 

Frode er tidlegare postmann, og har difor fått ansvaret for logistikken. Men når produksjonen av sendarar er på topp, er Frode ansvarleg for at sendarane vert produsert i rett rekkefølge med rett innhald, og sendt ut i felt med montørane

 

 

 

Dag Hamre

 

Dag Hamre er teamleiar, og den med lengst fartstid i Paneda blant montørane. Dag er ikkje berre med på å montere sendarane, han har også delteke i det viktige arbeidet med å finne fram til kvar skuggenettsendarane må plasserast for å dekke dei områda som manglar dekning frå riksnettet eller satellittane.

 

 

Espen Nøstdal

 

Espen jobbar som montør, han er den andre halvdelen av team 1, der han jobbar saman med Dag Hamre. Når teamet ikkje er ute og monterar sendarar så deltek Espen i produksjonen.

 

 

John Sekkingstad

 

John Sekkingstad er teamleiar, og er ein erfaren montør med fartstid frå Relacom og Telenor.

 

 

Stig Arild Reksnes

 

Stig Arild arbeider som montør for Paneda. Han jobbar for det meste i team med John Sekkingstad.




PANEDA AS - Kystsenteret - N-6740 Selje - Norway - Tlf: +47 06741