logo
Paneda   |   Nyhende   |   Digital-TV   |   Dekningsområder   |   Utstyr   |   Om oss   |   Kontakt
for private for bedrifter
Nyhende
 

Sola påverkar tv-signala

Mandag 6.februar 2012

I perioden mellom 25.februar til 2.mars kan våre kundar oppleve forstyrringar i TV-signala. Dette grunna solforstyrring, noko som skjer to gongar i året. Når dette oppstår så forstyrrar solstrålane satellittsignala. Det kjem av elektromagnetisk støy frå sola, som kan øydelegge signala når sola passerar rett bak satellitten. Då vil våre sendarar ta i mot all støyen frå sola saman med signala frå satellitten. Dette vil igjen påverka signala til kundane våre.

 

Disse forstyrringane førekjem som oftast to gongar i året. Dette oppstår som regel i månadsskiftet februar-mars og i midten av oktober. Slike forstyrringar varar i nokre minutt. Det er diverre lite ein kan gjøre med disse forstyrringane. Naturen går sin gong.

Deloitte Technology Fast50

Mandag 24.oktober 2011

Paneda AS kom nok ein gong blant topp 20 på den norske lista av teknologiundersøkinga Deloitte Technology Fast 50. Undersøkinga blir utført av revisjons- og rådgivingsselskapet Deloitte og er ein årlig studie av vellykka teknologiverksemder i Europa. Denne studia består av ein vekstanalyse og ein kvantitativ studie av årsakar og fellestrekk for teknologiverksemder som verkeleg lykkast. Kebony ASA frå Oslo toppa lista over dei 50 raksast voksande teknologiverksemda i Noreg.

 

 

Les meir her:

 

Deloitte Technology Fast 50

P4 og Radio Norge

Onsdag 14.september 2011

P4 og Radio Norge har skifta satellittranspondar. Så desse radiokanalane ligg ikkje i same transportstraum som TV Norge, slik dei gjorde tidlegare. Derfor vil våre kundar ikkje lenger motta desse radiokanalane enn så lenge. Dette er noko vi ikkje kan styre, sidan vi er ein tredjepart i saka. Vi jobbar med å finne ein løysing på dette. Eventuelt kan det bli aktuelt å tilby andre radiokanalar som erstatning for P4 og Radio Norge. Det er viktig å påpeike at radiokanalane frå satellitt er gratis, så kundane våre betalar ikkje for dette tilbodet.

Kabelnett/SMATV

Tirsdag 24.mai 2011

Paneda har inngått avtale med Canal Digital, NRK, TV2 AS, TVNorge AS, samt fleire utanlandske kanalar om distribusjon av kort og program til kabelnett. Vel bedrift for meir informasjon.

Frå pressa

Onsdag 2.februar 2011

Dette skriv pressa om Paneda

 

Ut av skuggen

 

Mobil-TV

 

Ny kontrakt

Fast50-lista 2010

Fredag 22.oktober 2010

Paneda er blant Norges 50 raskast veksande teknologiselskap!

 

Sjå lista

Norkring

Tirsdag 21.september 2010

I juni 2007 signerte Paneda kontrakt med Norkring der vi fekk ansvar for å gje det norske folk som bur i satellittskuggen digital-tv. Vi skal vise oss tilliten verdig.

PANEDA AS - Kystsenteret - N-6740 Selje - Norway - Tlf: +47 06741